Under Bjønndalsfjell

Foto: Geir Daasvatn
Under Bjønndalsfjell (Evje og Hornnes gnr. 8 bnr. 9) var ein husmannsplass under Kallhovd gnr. 8 bnr. 8 og seinare eit lite småbruk på Spjåkasmoen på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Husmannsplassen blei rydda rundt 1863–1864 av John Eilivson Ås-Uleberg (f. 1822), og skild ut frå hovudbruket som eigen eigedom i 1883. I dag er eigedomen registrert som fritidseigedom. Heimelshavar er Gunn May Knudsen (f. 1956).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 241–242
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk