Viki (Valle gnr 44)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. januar 2024 kl. 08:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Viki Valle 271017.jpg
Viki 27. oktober 2017.

Viki er ein gard (Valle gnr. 44) sentralt i Vallebygda. Garden ligg nord for Rike og grenser til Kyrvestad i nord. Vikevegen går frå Nordibøvegen inn til husa i garden.

Historie

Garden er tvillaust nokså gamal, skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[1] Busetnaden i Valle skal gå tilbake til dei første hundreåra av vår tidsrekning. Viki er truleg ein av dei eldre verestadane. I ei hovudoppgåve har Sigrid Bø peika ut Viki som opphavsgarden i Valle sokn.[2]

Viki-bøndene hadde kvernhusa sine i Vikebekk som renn mellom Viki og Kyrvestad.[3] Støylane var i Stavedalen, på Midtfjøddi og på Håvestøyl i Finndalen. Støylsdrifta på Viki tok slutt ikke lenge etter 2. verdskrigen.[4]

Litteratur

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 235
  2. Sigrid Bø, Landtal, leidang og agrarkrise, hovudoppgåve i historie
  3. Valle IV side 238
  4. Valle IV, side 242

Kart

Laster kart ...