Senumsund bru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2012 kl. 01:15 av Reidar T (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fylkesveg 305 går på Senumsund Bru over Otra

Senumsund bru er ei 140 meter lang bru over Senumsundet i Byglandsfjorden. Brua er ein del av fylkesveg 305 som går frå rundkøyringa på Byglandsfjord til Gullsmedmoen i Evje og Hornnes kommune.

Historikk

Fyrste kjerreveg i indre Agder kom i 1804, mellom Krossen i Hornnes og Gullsmedmoen. Denne kom i stand for å letta samferdsla framom alle fossane i Otra i dette området. Seinare, i 1844, vart kjerrevegen mellom Kristiansand og Valle ferdig. Denne gjekk her på austsida av Otra, og hadde ein stikkveg ned mot Senumsundet. På vestsida, på Gullsmedmoen, budde det folk som ma. dreiv med båtferdsle oppover Byglandsfjorden, heilt opp til Ose. Dei dreiv nok óg med ferjing over sundet her. Då dampbåten Dølen kom i drift i 1867, vart naturleg nok denne stasjonera på Gullsmedmoen den fyrste tida. Etter at Setesdalsbanen vart opna i 1896, vaks tettstaden Byglandsfjord fram, og samstundes kom ynskjet om ei bru over sundet. Men Senumsundet var for breitt til at dette let seg gjera med det fyrste.

Krav om bru

Senumsund bru må opp på vegbudsjettet meiner Hornnes heradstyre. Slik stod det å lesa i Fædrelandsvennen i 1951, og det var ikkje einaste gongen dåverande Hornnes kommune fremja dette kravet. I eit referat frå kommunestyremøte laurdag 28. juli 1951 var ynskjet om bru ei av sakene som var oppe: Til Aust-Agder vegkontor vart det send ei sterk oppmoding om no endeleg å få opp Senumsund bru på vegbudsjettet 1952-53 etter at ho har vore på tale i over 50 år.

Brukrav var valgsak. I eit politisk avisinnlegg i 1951 kom ma. innsendar O. T. med ei oppmoding: Av saker ein må gjera det ein kan for å få løyst, er bruspørsmålet over Senumsundet. Til dette har heradet avsett ein større sum.

Hornnes heradstyre vedtok i siste møte å fremje desse saker for fylkestinget i år: Søknad om tilskot til omlegging og bygging av nokre vegar, og om at det må bli sett av mest mogeleg med pengar til bru over Senumsundet. Samstundes blei det sendt oppmoding til vegkontoret at ferja ved Senumsund vart sett slik i stand at ho også kan nyttast for lastebilar. Denne oppmodinga kom i 1953, og fyrst i 1966 vart det bru over sundet. Ei motorisera ferje vart sett i drift så lenge, og den kunne take større bilar. Både denne og ferja ved Moisund var såkalla trekkferjer, som nytta ein wire festa på både elvebreidder.

Olav A. Fennefoss var med i den politiske styringa, og i 1956 uttrykka han seg vonbroten til avisa om korleis pengar til samferdsle vart prioritera. Den gongen var det mest på tale med bygging av veg frå Åseral til Setesdal, frå Bortelid, Ånebjør og over heia til Tjønndalen og Langeid. Dette veganlegget har vore på tale mange gonger, nå seinast i desember 2012, då det vart tilrådd å venta endå lengre med denne veglina.

Fylkestinget prioritera veg, og ikkje bru i 1956: Olav A. Fennefoss, Hornnes, var lei for at hovudveganlegget med samanbindingsveg og bru over Senumsundet ikkje var kome med. Dette er eit krav frå 1896, som har vore avslått gong på gong. Ein gong var det avsett 10 000 kroner, men pengane blei nytta til andre føremål, sa Fennefoss, og bad om at brua måtte bli planlagt i sommar. Folk er mismodige nå. Vegsjefen: Det er desverre ikkje rådeleg å få opp nye anlegg nå. Dei som er i gang må fyrst gjerast ferdige, før ein går på nye. Fylkesmannen: Bru over Senumsundet står på planen frå 1948, og den vil koma i sin tur, utan å seie når det kan bli. Nå er det bygd ny ferje til Senumsundet og vegstubbane til ferja skal bli fylkesveg.

Kompensasjonsveg for Setesdalsbanen, og bru over Senumsundet

Det gjekk rykter om at det ville koma bru over Senumsundet i samband med kompensasjonsvegen for nedlagt jarnbane. I eit lesarinnlegg, 14. jan. 1959, skreiv O. T. om stikking av veg: Frå Byglandsfjord og ut etter dalen har vegfolka i haust drive på med å stikke ny vegline, kompensasjonsveg for Setesdalsbana, vert det sagt. Det skal etter denne planen byggjast bru ved Byglandsfjord over Otra til Guldsmedmonen, vidare skal vegen gå langs vestsida av vegen til Evje, her vert det atter ei ny bru om lag ved Evje apotek.... Ein skjøna då at Setesdalsbanen ville bli nedlagt, men noko endeleg vedtak var ennå ikkje fatta. Men det var tydeleg at Aust-Agder vegvesen alt var i sving med førebuingar for tida etter banen. Og det visa seg at rykta var rette om bru over Senumsundet.

Usemje om ny vegline mellom Hornnes og Byglandsfjord

Arbeidet med kompensasjonsvegen var alt i gong i Vest-Agder då Setesdalsbanen vart nedlagt 2. september 1962. Ulike syn og interesser ga mykje usemje om kor nyvegen og bruene skulle leggjast. Det var mykje tale om å leggje den nye setesdalsvegen på vestsida opp til Byglandsfjord. Dette måtte avklarast før ei bru over Senumsundet kunne byggjast. Verre for vegvesenet i begge fylka var avgrensa midlar til vegbygginga. Dette seinka arbeidet ein del, og i lesarbrev ga fleire uttrykk for dette.

I desember 1963 kunne ein lesa ein liten notis om vegprioriteringane til vegsjef Irgens i Aust-Agder: 1, Vegen Vest-Agder grense til Byglandsfjord. 2. Strekninga Byglandsfjord-Telemark. 3. Strekninga Flateland-Skafså. 4. Samband med Sørlandsbanen. 5. Bru over til Senum. Skulle Senumsund bru venta til det vart gul midtstripe til Haukeligrend, då hadde ein hatt trekkferje over sundet ennå.


Sjå også

Kjelder

  • Oddmund Mogstad: Ferdselsvegar på vestsida av Otra mellom Fennefoss og Senum. Artikkel i Setesdølen nr. 36, 2000 side 10
  • Heradsnytt frå Hornnes, Fædrelandsvennen, 31. juli 1951.
  • Vegbygging er ei viktig sak, Fædrelandsvennen, 27. september 1951.
  • Hornnes bed fylket om veg og brupengar, Fædrelandsvennen, 13. januar 1953.
  • Aust-Agder tilrår veganlegget Bortelid-Helleren-Aanebjør, Fædrelandsvennen, 17. april 1956.
  • Ikkje før alle tretoppane er like høge, Fædrelandsvennen, 14. januar 1959.
  • Betre vegar i Setesdal meiner «Utvalet», Fædrelandsvennen, 4. desember 1963.

Kart

Laster kart...