Futevegen (Vegusdal)

Foto: Geir Daasvatn

Futevegen gjennom Vegusdal var ein del av vegsambandet mellom Evje og Herefoss og vidare til Frolands Verk på 1800-talet og endå lenge før det. Han blei bygd som hjulveg i 1840-åra.
Turløype
Ei om lag 8 km lang strekning av vegen, frå Vegusdal-garden forbi Breisåsen til Furholt er merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa Allmannavegen.
Frå Vegusdal-garden kan ein også gå vestover på vegen eit langt stykke mot garden Tveit, på sørsida av Hovlandsåna. Men denne strekninga er ikkje merka som turløype.