Vikstøl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 23:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vikstøl.

Vikstøl er ein fråflytta heiegard (gnr. 67) ved Vikstølvatnet nord-aust i Evje og Hornnes. Det var tre hovudbruk i garden. I dag er bygningane på garden nytta til fritidsbustader. Den private Vikstølvegen går frå Gautestadvegen ved Prestøygardsvatnet og inn til garden.

Historie

Gardsnamn som endar på -støl, meiner ein ikkje er eldre enn frå kristen mellomalder, frå 1100- til 1200-talet.[1] [2] Vikstøl er såleis mellom dei yngre gardane i kommunen. Han har mykje truleg gått ut frå Kleveland i si tid.[3]

Referansar

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 65
  2. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 33
  3. Gardsnamn i Evje, side 36

Kart

Laster kart ...