Hopp til innhald

Heddeneset tunnel

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. september 2025 kl. 19:32 av Siri J (diskusjon | bidrag) (lenkefiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Heddeneset tunnel sett frå sør.
Siri Johannessen (2011)
Heddeneset tunnel sett frå nord.
Siri Johannessen (2011)

Heddeneset tunnel er ein tunnel på Fylkesveg 323 ved Heddeneset i Bygland kommune. Den ligg nord for Åraksbø. Tunnelen er 380 meter lang og utan lys, ventilasjon, brannsløkkingsutstyr og anna utstyr som ein reknar som naturleg i tunnelar. Men målingar syner at det er liten trafikk, bare 115 ÅDT i tunnelen.[1] Så sjølv om tunnelen er ein del av sykkelruta (nummer 3) i Setesdal, står den nederst på prioriteringsliste for å gjere noko med omsyn til trafikksikring.

Kart

Laster kart ...

Referansar