Visit Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. mars 2020 kl. 00:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Styre)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Kveld over Byglandsfjorden 230714.jpg
Setesdal. Utsikt nordover i dalen fra Horgeknipen vest for Byglandsfjord 23. juli 2017.

Visit Setesdal er Setesdal Regionråd sitt tiltak for reiseliv i Setesdal. Roy Bakke er dagleg leiar. Dei kjøper teneste av Destinasjon Hovden for å gjennomføre prosjektet. Det starta i 2010. På denne måten driv ein utvikling for reiselivet frå Hornnes til Hovden. Under paraplyen Setesdal marknadsfører organisasjonen heile regionen på messer som Grühne Woche og norske reiselivsmesser. Dei satsar mest på digitale plattformer og lite på papirannonser, men katalogen om Setesdal er svært populær.

Visit Setesdal er sertifisert som bærekraftig reisemål.

Styre

Det går for tida (2019) føre seg ei avklaring om organisering og eigarstruktur i Visit Setesdal. Slik avklaring er venta å skje i første halvdel av 2020. Medan ein ventar på resultatet av det arbeidet, er det sett ned eit interimsstyre i selskapet. Styremedlemene er Marcin Matysik, Tim Davis, Uwe Arntzen, Ørnulf Hasla og Rita Hansen.

Kjelder

  • Årsrapport for 2019

Eksterne lenker