Bjugsbakk (Valle gnr. 68 bnr. 451)

Foto: Geir Daasvatn
Bjugsbakk (Oppistog) er ein eigedom (gnr. 68 bnr. 451) sentralt på Rysstad. Eigedomen har eit areal på om lag 2,6 daa, og blei skild ut frå gnr. 68 bnr. 294 i 2017. Bustadhuset på eigedomen er svært gamalt. Det same gjeld låve, loft og eit eldhus. Før utskiftinga i 1880-åra stod bygningane oppe på sjølve Bjugsbakk, om lag der Setesdalsmuseet er i dag. Heimelshavar (2019) er Knut H. Rysstad jr.
Fredag 3. juli 2020 opna dei to verksemdene To i Tråd og Setesdals lefser og braud utsal i bustadhuset på Bjugsbakk.
Kjelder
- Kartverket.no
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 348-358
- Ole Birger Lien, Mange med då To i Tråd opna dørene, artikkel i Setesdølen nr. 50, 2020, side 8