Abusdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. oktober 2019 kl. 08:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Abusdal sett frå Vasslandshei 6. oktober 2019.
Noko av Abusdal sett nedover mot Vasslandstjørn.
Foto: Geir Daasvatn

Abusdal er ein gard (gnr. 32) og ei lita grend sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Saman med nabogarden Abusland utgjer Abusdal dei vestre heiegardane. Ein kjem til Abusdal ved å følge Abusdalsvegen ca 15 km vestover frå avkjøyrsla frå Riksveg 9 (Setesdalsvegen) ved Hannåsmoen ved Moisund. Abusdal ligg vest for vasskilet mellom Otra og Kosåna-vassdraget, og sokner såleis topografisk til Marnardalføret. Det er ikkje så mange fastbuande i grenda, men eindel fritidsbustader.

Namnet kjem av trenamnet apaldr. Den første oppsittaren i Abusdal som er nemd i lensrekneskapen er Odd Abusdal (1610).

Kjelder

Kart

Laster kart...