Mølland (Iveland gnr. 45)

Foto: Geir Daasvatn
Mølland er ein gard (gnr. 45) ved Støledalsveien, sør for Frikstad, nord i Iveland.
Gruvedrift
Mølland ligg sentralt i Iveland - Evje amfibolitten. Det har vore gruvedrift fleire stadar på garden, mellom anna i Varmedokka gruve.
Historie
På fjellet Horgja har det truleg vore ei bygdeborg. Det er eit større gravfelt med minst 12 graver på sørsida av Møllandsbekken. Garden er mellom dei eldste i Iveland, minst frå folkevandringstida.
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, 1955, side 692-708
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.