Vånarosen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. desember 2019 kl. 09:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vånarosen er eit vatn langt inne i Bygland austhei, sør for Kilsvatn og nord for Kjetebuvatn. Frå Vånarosen går vassdraget vidare sørover gjennom Kjetebuvatn til Topsæ. Herfrå renn Tovdalselva (Årdalsåna) vidare sørover gjennom Årdalen. Vånarosen høyrer såleis til Tovdalsvassdraget.

Fornminne

I eit område som går frå Straumsfjorden i nord og sørover langs Topdalselva forbi Topsæ og vidare gjennom Årdalen, er det registrert ei rekke med funn frå steinalderen.[1] Ved utlaupet av Vånarosen er det funne flint og kvarts. Dei mange funna stadfestar at området må ha vore utnytta av fangstfolk kanskje så langt tilbake i tid som 7000 år.[2]

Kjelder

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgeve av Bygland kommune, 2006, side 226-229
  2. Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 16 og side 257 flg.

Kart

Laster kart ...