Vånarosen
Vånarosen er eit vatn langt inne i Bygland austhei, sør for Kilsvatn og nord for Kjetebuvatn. Frå Vånarosen går vassdraget vidare sørover gjennom Kjetebuvatn til Topsæ. Herfrå renn Tovdalselva (Årdalsåna]] vidare sørover gjennom Årdalen. Vånarosen høyrer såleis til Tovdalsvassdraget.
Fornminne
I eit område som går frå Straumsfjorden i nord og sørover langs Topdalselva forbi Topsæ og vidare gjennom Årdalen, er det registrert ei rekke med funn frå steinalderen.[1] Ved utlaupet av Vånarosen er det funne flint og kvarts. Dei mange funna stadfestar at området må ha vore utnytta av fangstfolk kanskje så langt tilbake i tid som 7000 år.[2]
Kjelder
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgeve av Bygland kommune, 2006, side 226-229
- ↑ Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 16 og side 257 flg.