Bygland Bryggeri
Bygland Bryggeri er eit nomadebryggeri etablert i 2017 som lagar norsk tradisjonsøl med ingrediensar som einerkvistar og kveik (norsk gardsgjær). Bryggeriet har forretningsadresse i Leirfallsgata i Oslo.
Bryggerinamnet har dobbel tyding: Bygland kommune i Setesdal (der dagleg leiar Torkjel Austad har røter) – og det gamle namnet Bygland (som opphavleg kjem av bygg-land).
Bygland Bryggeri debuterer med ølet «Sveikadden», som kom i sal i februar 2018.