Garane grendehus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. mars 2018 kl. 19:09 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fondet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gardane grendehus vart bygd i 1994. Opningsfesten var 6. januar 1995. Huset vart bygd av Konsmohus og finansiert av Faråfondet, eit fond på ca. 600.000 kroner som Valle kommune hadde fått til turistutvikling i Hylestad etter utbygging av Faråne.

Huset er grendehus for Gardan, det vert nytta til ulike samlingar, både offentlege og private. Drifta vert finansiert av basarar og husleige. Styreleiar i 2018 er Trygve Brokke, med i styret er Irene Brokke, Torbjørg Hovet, Laura Berg og Jorunn Synneøve Uppstad. Knut T. Brokke er varamann.

Kjelder