Nordgarden syndre (Bygland gnr. 29 bnr. 2)

Foto: Geir Daasvatn
Nordgarden syndre («Opp i Nordgarden», «Sø i Nordgarden») er eit gardsbruk (gnr. 29 bnr. 2) i Nordgarden i Åraksbø i Bygland. Husa i bruket ligg ca. 100 meter opp frå (aust for) bygdevegen, litt nord-aust for Haugenloftet. Det er ikkje fast busetnad på bruket lenger. Heimelshavar (2017) er Torgrim G. Nordgarden (f. 1941). Han er busett i Vennesla.
På bruket står det eit staseleg bur, bygd av uvanleg stort og fint tømmer. Det er bygd ca. 1614.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 461-479
- Grunnboka på nettsida til Statens Kartverk