Nordgarden syndre (Bygland gnr. 29 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. september 2017 kl. 09:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av gardsbruket + lagt til kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordgarden syndre 1. mai 2017.

Nordgarden syndre («Opp i Nordgarden», «Sø i Nordgarden») er eit gardsbruk (gnr. 29 bnr. 2) i Nordgarden i Åraksbø i Bygland. Husa i bruket ligg ca. 100 meter opp frå (aust for) bygdevegen, litt nord-aust for Haugeburet. Det er ikkje fast busetnad på bruket lenger. Heimelshavar (2017) er Torgrim G. Nordgarden (f. 1941). Han er busett i Vennesla.

På bruket står det eit staseleg bur, bygd av uvanleg stort og fint tømmer. Det er bygd ca. 1614.

Kjelder