Munnharpe (cd)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. juni 2012 kl. 15:16 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Plateomslag

Munnharpe (cd) er eit musikkalbum som kom ut på Etnisk Musikklubb i 2012. Det er Sigurd Brokke sitt første soloalbum, men også på dette er Daniel Sandén-Warg med, denne gongen som gjesteartist på fire spor. Slåttane på denne plata er av nyare dato, men likevel baserte på fele- og vokaltradisjonen i Setesdal.

I samband med utgjevinga seier Sigurd Brokke: «For slåttane har det ikkje alltid vore eit mål å lage så nøyaktige munnharpeversjonar av feleslåttane som råd er. Dei to instrumenta er ulike på mange vis, så eg kjenner meg ikkje heilt bunden til feletradisjonen. Slik har det nok òg vore i eldre tid. På gamle arkivopptak kan ein finne munnharpeformer som er temmeleg ulike feleformene frå same området. Samstundes finn ein munnharpeslåttar som inneheld element frå fleire ulike feleslåttar.»

Det fylgjer òg med ein «bonus-CD» til utgjevinga. Her er det berre munnharpespel. Bonusplata vart spelt inn samstundes med hovudplata og inneheld nye versjonar av slåttar som Sigurd Brokke tidlegare har gjeve ut. Heftet inneheld informasjon om alle slåttane og stevtonane på platene på norsk og engelsk.

Spor

  1. Klunkaren
  2. Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad
  3. Den kaldsteikte
  4. Gravbakken (Daniel)
  5. Faremoans brureslag
  6. Nordalaupen
  7. Homslien
  8. Gangar etter Borgår Hovet
  9. Homslien (Daniel)
  10. Fossegrimen
  11. Tre stevtonar
  12. Buseten
  13. Tveitåen
  14. Gangar etter Petter Veum (Daniel)
  15. Løyningen
  16. Gamlestev-tone
  17. Homslien
  18. Faremoen
  19. Fosslien (Daniel)
  20. Sylvdropen
  21. Nere Nese
  22. Strømsingen
  23. Bånsull

Bonus-cd

  1. Huldreslåtten
  2. Bestelanden
  3. Hopparen
  4. Gamlestev-tone
  5. Gausålen
  6. To stevtonar
  7. Munnharpeslått etter Gunnar Andresson Heddi
  8. Fanten
  9. Sordølen
  10. Fiskaren
  11. Filleværen
  12. Uppstaden
  13. Rammeslått 1
  14. Nordafjells
  15. Fire stevtonar
  16. Skjoldmøyslaget

Eksterne lenker