Gjerustad (Vegusdal)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. august 2017 kl. 11:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Gjerustad Vegusdal Birkenes kvernhus 120817 (3).jpg
Gamalt kulturlandskap på Gjerustad.

Gjerustad er ein gard (gnr. 144) i Vegusdal i Birkenes. Garden ligg mellom Vatne i Vegusdal og Frikstad i Iveland, langs Fylkesveg 291 mellom Engesland og Evje.

I området rundt Fisketjønna sør for gardstuna er det bygd mange fritidsbustader.

Kulturminne

På garden er det eit spesielt kulturminne/kulturlandskap. I gardsbekken er to kvernhus fint restaurerte. Det eldste skal vere frå 1792. Rett nedanfor ligg tre bruer frå ulike vegperiodar, frå tidlegare tiders kjerreveg til dagens standard.

Kjelder