Senumsbåtane
Senumsbåtane var nokre svære lasteprammar som blei brukte til å frakte gods og folk på Byglandsfjorden, mellom Gullsmedmoen og Ose, før dampbåtane DB Dølen og seinare DB Bjoren kom i drift på fjorden frå 1867. Båtane var truleg rundt 12 meter lange, og opp til to meter breie. Truleg var det fleire mann som måtte til for å ro båtane. Dei skal også ha hatt segl.
Det var bøndene på Senum i Hornnes som dreiv verksemda. Kor langt tilbake i tid ho gjekk, veit ein knapt, men minst frå 1700-talet. Fraktinga var så innarbeidd at Senums-bøndene truleg meinte dei hadde einerett på henne.
Kjelder
Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommunne, 1994, side 290-292
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 237
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.