Ola Breivegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. juli 2017 kl. 17:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Breivegen
Ola Breivegen ca. 1960.
Foto: Ukjend. Frå Ingebjørg Vegestog si samling/Lokalhistoriewiki
Født: 1912
Død: 1991 (alder 78–79)

Ola Breivegen (fødd 1912, død 1991) var oppsynsmann i Njardarheim med bustad i Brotteli ved Botsvatn, og seinare damvoktar for Otteraaens Brugseierforening med bustad på Hovden.

Ola var frå Ringebu i Gudbrandsdalen. I 1948 blei han gift med Margit Breivegen (fødd Kvaslerud, frå Grungedal i Telemark). I 1951 flytta dei til Bjåen. Ola arbeidde då som reingjetar for Bykle reinsamlag. I 1952 blei han jaktoppsynsmann i Njardarheim, som var styrt av Landbruksdepartementet. Han flytta med familien til Brotteli. Bruk av garden var ein del av løna. Etter tre år i Brotteli bar det vidare til Hovden.

Ola Breivegen hadde ei sterk poetisk åre, meiner Olav M. Holen[1]. Dette skal ha resultert i mange dikt og prosastykke. Men lite er publisert.

Ola og Margit hadde borna Per Breivegen, Olav Breivegen og Gunn Marit Breivegen.

Kjelder

Referansar

  1. Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 161