Ola Breivegen
| Ola Breivegen | ||
|---|---|---|
| Ola Breivegen ca. 1960. Mal:Byline: Ukjend. Frå Ingebjørg Vegestog si samling/Lokalhistoriewiki | ||
| Født: | 1912 | |
| Død: | 1991 (alder 78–79) | |
Ola Breivegen (fødd 1912, død 1991) var oppsynsmann i Njardarheim med bustad i Brotteli ved Botsvatn, og seinare damvoktar for Otteraaens Brugseierforening med bustad på Hovden.
Ola var frå Ringebu i Gudbrandsdalen. I 1948 blei han gift med Margit Breivegen (fødd Kvaslerud, frå Grungedal i Telemark). I 1951 flytta dei til Bjåen. Ola arbeidde då som reingjetar for Bykle reinsamlag. I 1952 blei han jaktoppsynsmann i Njardarheim, som var styrt av Landbruksdepartementet. Han flytta med familien til Brotteli. Bruk av garden var ein del av løna. Etter tre år i Brotteli bar det vidare til Hovden.
Ola Breivegen hadde ei sterk poetisk åre, meiner Olav M. Holen[1]. Dette skal ha resultert i mange dikt og prosastykke. Men lite er publisert.
Ola og Margit hadde borna Per Breivegen, Olav Breivegen og Gunn Marit Breivegen.
Kjelder
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 159-163
- Artikkelen om Hovden der sø på Lokalhistoriewiki.no
Referansar
- ↑ Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 161