Bjørgumspel vol. III

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. juni 2017 kl. 08:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt inn noen lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjørgumspel vol. III er eit folkemusikk- og DVD-album frå 2017, utgjeve av Hallvard T. Bjørgum.

Utgjevinga inneheld ein CD med 32 spor, med stevar, slåttar og munnharpespel. Total speletid 56 minuttar. Daniel Sandén-Warg medvirkar.

Med i utgjevinga følger DVD-en Ein heil spelemann med ulike opptak av Torleiv H. Bjørgum. Speletid 93 minuttar. Her medvirkar også Hallvard Bjørgum sjølv, og i tillegg Kirsten Bråten Berg, Jon K. Rysstad og Marit Bergland Rysstad. Det er også arkivopptak med Andres K. Rysstad og Andres Hovet. DVD-en har i tillegg glimt frå barndomen i strev, stev og spel på Kåsland og Heimigard i Hylestad, Sordølen etter Knut K. Heddi og forteljingar om EF-strid og ungdomsmusikk i eldre og nyare tid.

Attåt CD og DVD har utgjevinga eit fyldig teksthefte med historie og mange bilete, og ein artikkel om felespelet i Setesdal, skrive av Hallvard T. Bjørgum og trykt i Årbok for Norsk Folkemusikk 1996.

«Eit folkemusikalsk arkiv mellom to permar», kallar avisa Setesdølen utgjevinga i sin omtale.

Kjelder

Sjå også