Hopp til innhald

Eksævegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. juni 2017 kl. 14:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt meir om veien og sideveier)
Fil:Skulefossbrua Eksævegen 150617.jpg
Eksævegen med Skulefossbrua over Søråni.

Eksævegen er ein privat skogsbilveg i Jordalsbø i Bygland. Han tek til frå Steinstog og går austover og oppover lia til Jordalsvatn. Ved Furustøyl, før ein kjem til Jordalsvatn, går ei grein av vegen over på nordsida av Søråni. Dette vegstykket følger nordsida av elva fram til Jordalsvatn. Herfra går denne greina på vestsida av vatnet nordover mot Sivarstøyl og fram til Sivårsåni som renn ut frå Sandvatn. «Hovudvegen» går på sørsida av Jordalsvatn forbi støylane Ratøygard og Troverk og vidare til den gamle støylen Øy. Her er det snuplass. Ved Øy går ei grein av vegen inn til vatnet Eksæ. Men dette siste stykket er stengt med kjetting, og ikkje ope for almenn ferdsle.

Vegen er bomveg. Ein kan legge 50 kroner i ei kasse og køyre ein dagstur, eller betale eit noko høgare beløp for årskort.

Kjelder

Kart

Laster kart ...