Bøgruva

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juni 2010 kl. 10:47 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bøgruva er ei gammal gruve der ein vann ut kopar. Gruva ligg vel ein halv kilometer (luftlinje) nordvest frå Bøgardane i Valle kommune. I 1984 vart det bygd ein skogsbilveg frå Åmli, det er langs denne ein går når ein går til Bøgruva i Postkassetrimmen.

Historie

På Bergverksmuseet på Kongsberg er det malm frå Bøgruva som er oppgitt å vere frå 1826. Gruvedrifta kom i gang i 1844 i regi av Sætersdalens Kobberværk. Konsul G. F. Reinhardt i Kristiansand fekk mutingsbrev i 1844 og rett til all bergverksdrift på garden for seg og arvingane. Han fekk og rett til å overdrage rettane til andre. For dette skulle han betale 12 spesiedalar årleg. Denne summen skulle fordelast på grunneigarane etter skyld.

Ved folketeljinga i 1845 var det 34 mann i arbeid i gruva. Smeltehytta var i Åraksbø, så det var lang transport. Den skjedde om vinteren. Men drifta av Bøgruva vart avslutta.

I 1863 vart drifta teken opp att. Då syner gamle papir at i alle fall i 1875 var det folk som arbeidde i gruva. Siste perioden gruva var i drift, var under 1. verdskrigen. I dei tre siste åra fram til drifta vart nedlagt 1. august 1918, arbeidde 12 - 13 mann i gruva.

Kart

Kjelder

Leonhard B. Jansen og Alfred Ryningen: Valle kommune VII Kultursoge side 272 Alfred Ryningen: Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle side 107