Breiland (Søndre Austad)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. juni 2017 kl. 09:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Aslak Austad)
Hopp til navigering Hopp til søk
Breiland i framgrunnen med Ekron lenger bak.

Breiland er eit gardsbruk (gnr. 14 bnr. 4) i garden Søndre AustadAustad i Bygland. Heimelshavar er Knut A. Austad. Knut eig også nabobruket Ekron.

Historie

Søndre Austad blei delt i to like store bruk ein gong før 1610. Den eine halvparten blei «Knut Bjørnsons bruk». I 1838 blei halve bruket gitt til brukeleg pant, og frådelt som eige bruk året etter. Den frådelte parten blei til bnr. 5, «Der hite». Hovudbruket som var att blei til bnr. 4, «Breiland».

Damvaktar Knut T. Hovden frå Hovden eigde Breiland 1939-1972. Han selde då til Aslak K. Austad på nabobruket Ekron. Aslak Austad skøytte bruket vidare til sonen Knut i 1974, saman med Ekron.

Kjelder