Visit Setesdal
Foto: Geir Daasvatn
Visit Setesdal er Setesdal Regionråd sitt tiltak for reiseliv i Setesdal. Roy Bakke er dagleg leiar. Dei kjøper teneste av Destinasjon Hovden for å gjennomføre prosjektet. Det starta i 2010. På denne måten driv ein utvikling for reiselivet frå Hornnes til Hovden. Under paraplyen Setesdal marknadsfører organisasjonen heile regionen på messer som Grühne Woche og norske reiselivsmesser. Dei satsar mest på digitale plattformer og lite på papirannonser, men katalogen om Setesdal er svært populær.
Visit Setesdal er sertifisert som bærekraftig reisemål.