Bertha Haraldstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mars 2017 kl. 10:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til pikenavn Bertha Haraldstad)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bertha Haraldstad
Født: 19. mai 1900
Død: 18. august 1978 (78 år)

Bertha Gauslaa Haraldstad var fødd 19. mai 1900 i Herefoss og døydde i Evje 18. august 1978. Ho gifta seg med Torgeir Haraldstad i Evje. Bertha starta opp med ein liten kiosk på ca 4 x 3 meter i Evje sentrum, 10-15 meter vest for der Evje Optikk (tidligare Wettre) no held til. Kiosken var bare open om sommaren. Etter ei stund vart denne kiosken fjerna, då Bertha fekk seg heilårslokale i Karl J. Nilsen-bygget nord for Torgeir Lund. I 1949 bygde ho så Pernille Kafè og isbar. Denne vart utvida fleire gonger. Rundt 1970 var det heile 14 tilsette i kafèen. Kafèen blei riven då det nye Sentrumsbygget kom i 1973, og Pernille Kafè flytta over i 2. etasje der.

Bertha Haraldstad var leiar i Evje Sanitetslag i 12 år. Ho sat også i styret for Aust-Agder Sanitetskrets. Ho skreiv mange festsongar, mellom anna Evje-songen.

Kjelde