Bjørnefjellbekken
Bjørnefjellbekken er ein liten bekk som renn ut i Otra frå aust ved Evjekilen. Før han renn ut i Otra lagar han ei evje. Denne evja har gitt namn til garden Evje, som seinare vart Prestegarden og har gitt namn til soknet og seinare tettstaden Evje. I Prestegardsmarka ligg det ein 60-70 meter lang og opptil 4 meter høg steindam. Dammen har ein gong stemt opp Bjørnefjellbekken i dette området.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2009, s. 30-37.
- Oddmund Mogstad, Dammen i Prestegardsmarka, artikkel i Arnstein 2000, s. 48-50
- Kommunekart.com