Øvre Haugå (Bygland gnr. 36 bnr. 4)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. november 2016 kl. 22:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: fjernet unødig lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Haugå mai 2016.

Øvre Haugå er eit gardsbruk (gnr. 36 bnr. 4) på Haugå nord i Kyrkjebygda i Bygland. Knut Sigurd Haugå (f. 1962) har heimelen til garden. Han bur der saman med kona Signe Sollien Haugå.

Historie

Etter ein langvarig prosess som tok til på 1500-talet, blei garden Kvåle delt i to, Kvåle og Haugå. Sidan blei kvar av desse gardane delt i to like delar, så det blei fire hovudbruk. Haugå blei såleis til Nedre Haugå og Øvre Haugå. Det skjedde rundt 1650-1660.

Kvåle og Haugå er formelt ein matrikkelgard med namn Kvåle og gardsnummer 36. «Men i røynda er det tale om to gardar», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.[1]

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 382-414

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 183