Gottlob Ferdinand Reinhardt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. november 2016 kl. 17:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks kobberverket)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gottlob Ferdinand Reinhardt (fødd 1783 i Tyskland) var kjøpmann i Kristiansand, der han dreiv handelshuset Reinhardt. Ved sida av å drive handel, var han verftseigar, skipsreiar, trelasthandlar og bankdirektør.[1] Reinhardt var såleis ein av dei store gründerane i byen, og et framståande medlem av handelsstanden.

Reinhardt sette også, saman med fleire andre investorar, i gang med gruvedrift etter kopar i Straumsheia i Hylestad og i Bøgruva i Valle, med tilhøyrande smeltehytte, Det Sætherdalske Kobberværk, i Åraksbø i Bygland. «Industrieventyret» i Setesdal enda i fiasko, då Kobberverket gjekk endeleg konkurs i 1860.

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 78