Kjåkedal
Kjåkedal er ein gamal øygard (støyl) på Senumsheia, nord for Vetrhusvatnet, under garden Senum, nord i Evje og Hornnes.
Historie
Kjåkedal vart truleg utskild som gard frå Senum i mellomalder, ein gong før Svartedauden. Men etter 1350 vart garden liggande øyde, og seinare blei han bruka som øygard under Senum.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Seterdrift i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2011, side 49
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 43
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 32