Iveland frivilligsentral
Iveland frivilligsentral vart stifta i 1991 og held til i Bestestaua på Birketveit. Helene Hauan er dagleg leiar for om lag 65 hjelparar.
Mellom oppgåvene og aktivitetane er matombringing for eldre, å vere lyttevenner på skulane, songkveldar og bingo på Iveland Bygdeheim, datakafè, strikkekafè og kompekafè ein gong i månaden. Frivilligsentralen arrangerer også kveldssamlingar med ulike tema og lunsj kvar måndag.
Styre 2016
[[Gunnar Håverstad (leiar), Ellinor Lindland (nestleiar), [[Marion Søttrup, Rolf Anners Christensen, Harald Ove Stien, Solveig Eikild og Monica Verdal (kommunens representant). Varamedlemer: Bianca Gemballa, Liv Moi, Astrid Landås og Anne-Britt Christensen
Opningstider
- Måndag 9.30 - 14.00
- Onsdag 9.30 - 14.00 og aktivitetsbingo frå klokka 18
- Torsdag 15.30 - 20.00
Kjelder
- Ole Birger Lien: Har 65 hjelparar med. Artikkel i Setesdølen nr. 35, 2011 side 6
- Sigurd Haugsgjerd, Frå lyttevenner på skulen til matombringing for dei eldre, artikkel i Setesdølen nr. 21, 2016, side 9