Dåsneskrysset

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2015 kl. 09:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Linddalen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dåsneskrysset var eit trafikknutepunkt i Dåsnes i Evje og Hornnes. Riksveg 9 går forbi Dåsnes. Fylkesveg 311 går gjennom Dåsnes til Fennefoss bru. Fylkesveg 302 går nordover frå Dåsnes gjennom Dåsvannsdalen til fylkesgrensa mot Vest-Agder på Staven øvst i Linddalen. Alle desse vegane møter kvarandre i Dåsnes. Her er det bensinstasjon, matvarebutikk og bilverkstad. I 2013 vart Dåsneskrysset bygd om, og erstatta av ei stor rundkøyring.