Rysefossen
Foto: Geir Daasvatn
Rysefossen er ein foss ved Vormvik på vestsida av Byglandsfjorden, litt nord for garden Hamre i Bygland kommune. Fossen er ikkje så svær ved låg vassføring. Men etter periodar med mykje regn kan han svulme godt opp, og det loddrette fallet blir eit fint syn.
Rysefossen er eindel brukt til isklatring. Ved toppen av fossen ligg den gamle Hamregruva.