Juvatn

Foto: Geir Daasvatn
Juvatn er eit vatn (513-489 moh.) heilt nord i Åseral kommune, mot grensa til Bygland kommune. Vatnet er regulert og oppdemd av Juvassdammen (to dammar) i sørenden. Det skjedde i samband med utbygginga av Logna i 1958. Magasinet rommer heile 142 millioner kubikkmeter vatn.
Samstundes med kraftutbygginga kom det offentleg veg inn til nordenden av Juvatn. Herfrå går det privat veg (bomveg) vidare inn til den nedlagde heiegarden Ånebjør i Bygland.