Arendalsvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. november 2015 kl. 11:46 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om når vegen blei bygd gjennom Evje)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arendalskrysset heilt til venstre i biletet. Derfrå slyngar Arendalsvegen seg forbi Tingberget og vidare austover forbi Ørnefjell mot Galteland.

Arendalsvegen er det ein kallar Fylkesveg 42, vegen mellom Arendal og Egersund, gjennom Evje.

Historie

I 1877 oppmoda Evje heradstyre amtsingeniøren om å få stukke ut og kostnadsreikna veg frå Bjorvatn om Åneland, Rosseland og vidare til Fennefossen. Seinare, i 1882, ville heradstyret heller ha vegen om Steinsfjell, Rosseland, Galteland og Åneland til Bjorvatn. Men vegen blei stukken ut omlag der han ligg i dag. I 1883 løyvde Stortinget pengar til å bygge vegen, og arbeidet kom også i gang. Men det tok si tid, og Arendalsvegen stod ikkje ferdig gjennom Evje før i 1908. Det tok altså 25 år å gjere dette etter måten korte vegstykket, frå Evje sentrum til grensa mot Vegusdal, ferdig.

Kjelder