Byglandsfjord dam

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. juni 2015 kl. 09:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Otteraaens Brugseierforening)
Hopp til navigering Hopp til søk

Byglandsfjorden dam er ein betongdam med fire svære stålluker i Otra heilt nord i Evje og Hornnes kommune og rett sør for Byglandsfjord. Dammen demmer opp Byglandsfjorden til magasin for kraftproduksjon, med ei reguleringshøgde på fem meter og magasinkapasitet på 212,3 millioner m3. Kraftverka Vigelandsfoss, Hunsfoss, Steinsfoss, Nomeland og Iveland bruker alle vatn frå magasinet. Dammen er eigd av Otteraaens Brugseierforening, og vert styrd frå driftssentralen på Brokke kraftverk.

Byglandsfjorden blei demd opp til kraftmagasin alt i 1905. Då vart det bygd ein nåledam tvers over elva nokre få hundre meter lenger nord, i Bygland kommune. Dammen som står der i dag er bygd i 1973, og ligg altså i Evje og Hornnes. Den gamle dammen blei då fjerna.

Kjelder