Hopp til innhald

Nils Mørk Nicolaysen (1874)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. november 2016 kl. 09:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Nils Mørk Nicolaysen
Født: 7. oktober 1874
Død: 12. november 1935 (61 år)

Nils Mørk Nicolaysen (fødd 7. oktober 1874 på Brastad i Tjøtta, død 12. november 1935), var gruvearbeidar i Flåt nikkelgruve i Evje.

Nicolaysen kom til Evje for å arbeide i nikkelgruva. Han døydde 12. november 1935 etter ei ulukke ved gruva. Han arbeidde på ein demning og kom trillande på ei vogn då skinnegangen gav etter og han rasa ut i dammen saman med vogna. Det vart straks slege alarm. Men vatnet var to meter djupt og og svært grumsut. Han var derfor vanskeleg å finne. Det tok tre timar før han blei teken opp.

Nils Mørk Nicolaysen etterlot seg kona Gudny Nicolaysen og fire vaksne barn. Namnet hans står på Minnesteinen ved Flåt gruve.

Kjelde