Fjellbekk
Fjellbekk er ein bekk ved Matkrona langs Matkronvegen nord for Bjørndalsvatnet heilt vest i Evje og Hornnes kommune. Bekken tek til ved Omestøltjønn inne på heia i Åseral kommune, og renn nedover i terrenget i sør-austleg retning til han møter Gunnarsåna litt nord for Matkroni i Hornnes. Bekken høyrer såleis til Kosåna-vassdraget.