Hopp til innhald

Abusdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. februar 2015 kl. 21:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt topografi)

Abusdal er ein heiegard (gnr. 32) og ei lita grend sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Saman med nabogarden Abusland utgjer Abusdal dei vestre heiegardane. Ein kjem til Abusdal ved å følge Abusdalsvegen vestover frå avkjøyrsla frå Riksvei 9 ved Hannåsmoen ved Moisund. Abusdal ligg vest for vasskilet mellom Otra og Kosåna-vassdraget, og sokner såleis topografisk til Marnardalføret.

Namnet kjem av trenamnet apaldr. Den første oppsittaren i Abusdal som er nemd i lensrekneskapen er Odd Abusdal (1610).

Kjelder