Ørnefjell turløype

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2014 kl. 06:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om alternativ løype)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sola stig opp over Ørnefjell ein kald oktoberdag. Mot sør ligg Hornnes gøymd i morgondisen.

Ørnefjell turløype byrjar ved Oddeskogen barnehage nær Oddeskogen bustadfelt i Evje. Løypa går gjennom skogsterreng og har nokre bratte parti undervegs. Ho går forbi gamle Ørnefjellbakken, ein mykje brukt hoppbakke i bygda frå 1934 til slutten av 1940-talet. Ved toppen av Ørnefjell, 371 m.o.h., er det postkasse med gjestebok, og bord og stolar så ein kan kvile og nyte naturen. Det er også tydeleg merka sti til toppen av Ørnefjell frå Åvollkleiv ved Riksvei 42 rett aust for Tingbergheia bustadfelt.

Lengda på løypa er 3,5 kilometer tur/retur. Løypa er merka og det står skilt med kart ved starten.

Ekstern lenke