Evje (Prestegarden)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2014 kl. 11:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten språkvask)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje prestegard er ein gard i Evje og Hornnes kommune. Bjørnefjellbekken renn forbi garden, og lagar ei evje - ein stad der vatnet sviv i ring - før han renn ut i Otra frå aust. Denne evja gav først namn til garden. Truleg kom han til i romersk jernalder, kanskje i andre halvdelen av denne (år 200 - 400 e. Kr.). Ein meiner garden er mellom dei eldste i bygda, og han var ei tid den største i heradet.

Så vart kyrkja bygd på Evje-garden. Garden kom med det til å gje namn først til soknet, etter reformasjonen til prestegjeldet, og seinare til Evje kommune.

Kjelde