Austad gamle kyrkjegard

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. oktober 2014 kl. 10:44 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (samsvar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjegarden sett frå aust.
Siri Johannessen (2014)

Austad gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880, då kyrkja på Tveit var ferdig, søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Men søknaden vart ikkje imøtekomen, fyrst i 1911 vart han teken i bruk att. 23. juni 1911 vart Knut Tarkjelson Austad gravlagd her. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod om å halde kyrkjegarden der ved like. Det fekk dei lov til.

I 1933 blei kyrkjegarden utvida ved at kyrkjegardsmuren vart flytta 5-6 meter sørover.

I 1932 vedtok Austad sokneråd å byggje eit gravkapell på Austad kyrkjegard. Samstundes vart det vedteke å bygge eit klokketårn der, dette vart vigsla hausten 1933. Tanken var at tårnet skulle tene som våpenhus for gravkapellet, men det vart ikkje bygd. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J.G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».

Her reiste «sambygdingar i Norig og Amerika» i 1912 ein bauta over spelemannen Aslak Tarjeison Austad (1802–1875), og klokkaren og læraren Kristian Stubseid er og begraven her.

Minnet over Aslak T. Austad (1802–1875).
Chris Nyborg (2014)
Baksida av Aslak T. Austad sitt minne.
Siri Johannessen (2014)
Kristian Stubseid sitt gravminne.
Siri Johannessen (2014)

Kjelde