Kåre Rike
| Kåre Rike | ||
|---|---|---|
Foto: Britta Lise Homme
| ||
| Født: | 19. juli 1960 (65 år) | |
Kåre Rike (fødd 19. juli 1960 i Valle) er IT-driftsansvarleg i Valle sparebank. Der begynte han i 1984, så han fekk gullklokke i 2009. Han begynte som assistent i kassen, men frå 1985 har han arbeidd med data i banken. No har han ansvar for banken si nettside.
I fritida er han med i Valle radio som programleiar for Opi sending, og frå hausten 2010 gjekk han inn som teknikar. Elles er han mykje i skogen på Valle og arbeider med ved. Han er og ein del på støylen Øyan i Setesdal Vesthei.