Onsdagssending i Valle Radio 20110907: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Folketalsutvikling: Kven av partia vil håndheve buplikta
Line 36: Line 36:


===Folketalsutvikling===
===Folketalsutvikling===
Dette heng saman med næringsutvikling. Ei slik side er kultur, jfr [[Setesdalsmuseet]]. Ei anna side er forvaltning av naturressurser.
Dette heng saman med næringsutvikling. Ei slik side er kultur, jfr [[Setesdalsmuseet]]. Ei anna side er forvaltning av naturressurser.
 
«Kven av partia vil håndheve buplikta» var eit spørsmål som ein lyttar kom med. Tarald Myrum meinte at den burde handhevast strengt og dei som ikkje ville flytte heim, må selje, og ein vil ha høgare prisar enn det ofte har vore tale om. Dette var det semje om.  






[[Kategori:Valle Radio 2011]]
[[Kategori:Valle Radio 2011]]

Versjonen frå 7. september 2011 kl. 20:43

Valle Radio 7. september 2011 er sida som fortel om programmet i Valle Radio onsdag 7. september 2011. Dette programmet var valsending ved Ørnulf Hasla og Ole Birger Lien. Jørund Georg Jore var teknikar og Harald Haugland las spørsmål som kom inn frå lyttarane.

I panelet er desse med:

Programmet starta med ein introduksjon frå Ørnulf Hasla før han gav ordet over Ole Birger Lien, som starta med ein generell runde om kva ordførarkandidatane hadde å seie om å stille til ordførar, nokre gamle og nokre nye. Deretter var det musikk: Stay with me.

Ved starten var det 15 personar i salen.

Tellef Inge Mørland, Ap sin fylkesordførarkandidat vart intervjua av Ørnulf Hasla (opptak)

Debatten

Skulesaka

Første tema var skulesaka, og Ole Birger Lien spurte Ann Christin Jacob om nedlegging av Hylestad skule. Ho hadde fem korte punkt om dette. Bjørgulv T. Berg var den første som kommenterte det. Deretter var Steinar Kyrvestad, Tarald Myrum, Astrid Kyte, Sissel Åkre, Frode Verpe, Hanne Straume.

Frå salen stilla Magnhild Bø spørsmål om privatskule til Frode Verpe som ville starte ein slik om det vart samling av småskulen i Hylestad. Han svara at han stilla som Høgre-politikar og dei hadde ikkje noko krav om det. Bjørgulv T. Berg heldt spørsmålet ope, Steinar Kyrvestad, som var einaste i panelet som har vore aktiv i den siste perioden. Astri Kyte var sterkt usamd med Steinar Kyrvestad, Frode Verpe kommenterte hans utsagn, sidan sist kommuneval er det lagt ned 180 grendeskular, ein femtedel av skulane er reetablert som privatskular. Ann Christin Jacob meinte at grenda ville ha mange andre forhold som hadde kvalitet. Nina Johnsen presiserte at Høgre har programfesta to skular, Bjørgulv T. Berg og Steinar Kyrvestad kommenterte og dette i debatten. Han tok og opp spørsmålet om barnehagane, der det blir færre førskulelærarar og fleire assistentar.

Andre tema som var oppe i denne delen var tilflytting, fulle stillingar for lærarar, SFO.

Eit innspel frå publikum var Til ann christin ser du ikkje at dette er ein død sak!. Eit klart svar frå henne var at det såg ho ikkje.

Det var ein levande debatt, og ikkje råd å få med alle fasettar her.

Barnehage

Spørsmålet om gratis barnehage var og oppe. Arbeiderpartiet vil forlenge dette, Senterpartiet står for at ein bør ha ein gjennomgang av dette. Men det vart lite tid til dette. Deretter var det musikk ved Åsmund Åmli band før Øystein Haga, fylkesordførarkandidat for Venstre. Nesten halvannan time gjekk med til denne bolken.

Næringsutvikling

Spørsmålet om at kommunen skal bruke konsulentar var eitt tema. Ap var skeptisk, Jørund Georg Jore hadde eksempel på at dette var nyttig, og Tarald Myrum fylgde opp dette med fleire behov og samkommune kunne vere ei slik løysing. Regionale løysingar kan vere eit godt tiltak, men økonomistyring i IKS er vanskeleg, sa Steinar Kyrvestad. Frode Verpe sa at kommunen skal tilrettelegge og gje rom for slikt.

Viktig sak for alle politikarane var turisme og reiseliv. Tarald Myrum meinte kulturrelaterte aktivitetar. Ann Christin Jacob meinte Setesdal som merkevar var det viktigaste. Etter denne bolken son Rita Eriksen Eg lengtar heim.

Folketalsutvikling

Dette heng saman med næringsutvikling. Ei slik side er kultur, jfr Setesdalsmuseet. Ei anna side er forvaltning av naturressurser.

«Kven av partia vil håndheve buplikta» var eit spørsmål som ein lyttar kom med. Tarald Myrum meinte at den burde handhevast strengt og dei som ikkje ville flytte heim, må selje, og ein vil ha høgare prisar enn det ofte har vore tale om. Dette var det semje om.