Hallvard Eldhuset: Skilnad mellom versjonar
s +bilde |
personmal |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde =Bygland, Sandnes kyrkje, Hallvard Eldhusets gravsten crW DSC.JPG | bildetekst =Hallvard Eldhuset si grav</br> ved [[Sandnes kyrkje]] i [[Åraksbø]] | fdag =9 | fmåned =6 | får =1914 | ddag =3 | dmåned =12 | dår = 1976 }} | |||
'''Hallvard Eldhuset''' (fødd [[9. juni 1914]] i [[Åraksbø]], død [[3. desember]] [[1976]]) var lærar og skuleinspektør i [[Bygland kommune]]. Han vaks opp på gard i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han saman med kona Birgit, fødd Åkre, heimegarden i Åraksbø, der tre gutar vaks opp. | |||
Han gjekk befalsskulen i Kristiansand, der han var ferdig i 1937. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i [[Bygland kommune]], dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på [[Bygland]]. Etter kvart vart han skuleinspektør i kommunen. | Han gjekk befalsskulen i Kristiansand, der han var ferdig i 1937. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i [[Bygland kommune]], dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på [[Bygland]]. Etter kvart vart han skuleinspektør i kommunen. | ||
Versjonen frå 30. september 2014 kl. 10:01
| Hallvard Eldhuset | ||
|---|---|---|
| Fil:Bygland, Sandnes kyrkje, Hallvard Eldhusets gravsten crW DSC.JPG | ||
| Hallvard Eldhuset si grav ved Sandnes kyrkje i Åraksbø | ||
| Født: | 9. juni 1914 | |
| Død: | 3. desember 1976 (62 år) | |
Hallvard Eldhuset (fødd 9. juni 1914 i Åraksbø, død 3. desember 1976) var lærar og skuleinspektør i Bygland kommune. Han vaks opp på gard i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han saman med kona Birgit, fødd Åkre, heimegarden i Åraksbø, der tre gutar vaks opp.
Han gjekk befalsskulen i Kristiansand, der han var ferdig i 1937. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i Bygland kommune, dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på Bygland. Etter kvart vart han skuleinspektør i kommunen.
I mange år var han meldar i Fædrelandsvennen frå Bygland kommune. Seinare skreiv han andaktane i Setesdølen då den tok til å kome ut. Som lyrikar hadde han ein djup religiøs undertone i dikta, og han var sterkt engasjert i sundagsskulen. Men også mållagsarbeid og fråhaldsarbeid engasjerte han seg i.
I fleire periodar var han medlem av kommunestyret i Bygland, og i 1969 stod han på 3. plass på lista til Stortingsvalet for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder. Som medlem av kommunestyret var han og med i ei rekke nemnder og utval i kommunen.
Hallvard Eldhuset skreiv og i Jol i Setesdal og laga prologar og dikt til ulike samanheengar. Setesdalsforlaget gav i 2010 ut ei bok med dikt i utval ved Ånund K. Homme.
Bibliografi:
- Djupt gjennom berg det hjalar. Dikt. Setesdalsforlaget 2010. ISBN 978-82-92441-72-5