Setesdal Husflid: Skilnad mellom versjonar
lenkefiks |
lenker |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Setesdal Husflidssentral''' vart stifta i 1966. Formålet var å selje husflidsvarer for lokale produsentar. Tidlegare heldt utsalet til i dei små hyttene ved Valle Motell, men frå 1996 har dei halde til i bygget mellom Valle kommunehus og [[Riksveg 9]], som husar turistinformasjon mot nord og husflidsutsal mot sør. | '''Setesdal Husflidssentral''' vart stifta i 1966. Formålet var å selje husflidsvarer for lokale produsentar. Tidlegare heldt utsalet til i dei små hyttene ved Valle Motell, men frå 1996 har dei halde til i bygget mellom Valle kommunehus og [[Riksveg 9]], som husar turistinformasjon mot nord og husflidsutsal mot sør. | ||
I butikken finn ein ei rekke husflidsvarer, mellom anna Setesdalsbunaden med alt som høyrer til. Dei sel og [[Setesdalskofte]] og andre produkt handlaga av produsentar i [[Setesdal]]. Mellom anna har dei souvenirar og gåveartiklar i tre, glas, vev, tekstil, smijern, keramikk og tinn. Ein del av bøkene til Setesdalsforlaget kan ein få kjøpt, og Bykle og Valle kunstlag har utstillingar om sommaren i dei roma som vert brukte til spitekafe om vinteren. | I butikken finn ein ei rekke husflidsvarer, mellom anna Setesdalsbunaden med alt som høyrer til. Dei sel og [[Setesdalskofte]] og andre produkt handlaga av produsentar i [[Setesdal]]. Mellom anna har dei garn, souvenirar og gåveartiklar i tre, glas, vev, tekstil, smijern, keramikk og tinn. Ein del av bøkene til [[Setesdalsforlaget]] kan ein få kjøpt, og Bykle og Valle kunstlag har utstillingar om sommaren i dei roma som vert brukte til spitekafe om vinteren. | ||
==Styre== | ==Styre== | ||
Versjonen frå 6. juli 2011 kl. 18:28
Setesdal Husflidssentral vart stifta i 1966. Formålet var å selje husflidsvarer for lokale produsentar. Tidlegare heldt utsalet til i dei små hyttene ved Valle Motell, men frå 1996 har dei halde til i bygget mellom Valle kommunehus og Riksveg 9, som husar turistinformasjon mot nord og husflidsutsal mot sør.
I butikken finn ein ei rekke husflidsvarer, mellom anna Setesdalsbunaden med alt som høyrer til. Dei sel og Setesdalskofte og andre produkt handlaga av produsentar i Setesdal. Mellom anna har dei garn, souvenirar og gåveartiklar i tre, glas, vev, tekstil, smijern, keramikk og tinn. Ein del av bøkene til Setesdalsforlaget kan ein få kjøpt, og Bykle og Valle kunstlag har utstillingar om sommaren i dei roma som vert brukte til spitekafe om vinteren.
Styre
I 2010 var styret samansett slik:
- Olav T. Åkre, styreleiar
- Helga Birgit Bjørkeli, nestleiar
- Knut K. Homme, styremedlem
- Jorunn B. Brokke, styremedlem
- Malmfrid Nyborg Homme, styremedlem
- Birgit Annette Helle, styremedlem
- Jorunn Lund Harstad, varamedlem
- Anne Nomeland Helle, varamedlem
- Olav H. Rygnestad, varamedlem
Omsetning
Dei siste åra har omsetninga auka frå 1 616 000 i 2008 til 1 944 000 i 2010. Inger Homme og Randi Gåserud Myrum deler på å vere dagleg leiar i Setesdal Husflidssentral.