John G. Arneberg: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
sjøvbiografi og lenke til gravstad
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
kat
Line 19: Line 19:
[[Kategori:Personer fra Bygland kommune]]
[[Kategori:Personer fra Bygland kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1874]]
[[Kategori:Fødsler i 1874]]
[[Kategori:Dødsfall i 1958]]

Versjonen frå 21. april 2011 kl. 19:33

John G. Arneberg (fødd 25. august 1874, død 17. desember 1958) var ein norsk-amerikanar som opprinneleg kom frå Bygland. Han var fødd på Beinestøyl ved Beinsvatn ved Ånebjør, men vart foreldrelaus som treåring og vaks opp hos slektningar. 18 år gammal emigrerte han til USA i 1892. Der tok han vidaregåande utdanning og studerte medisin til 1905. Sidan arbeidde han som lege i USA. Han er gravlagd på Memorial Park Cemetery i Grand Forks i Nord Dakota. I 1958 gav han ut sjølvbiografien From Mountains to Prairies på 215 sider i Minneapolis.

Gåver til Bygland og Åseral

Heile livet hadde John G. Arneberg stor kjærleik til Åseral og Bygland, og han gav fleire gåver til kommunane:

Sidan gav han også fleire andre gåver til Bygland og Åseral, mellom anna Arneberg og Dales legat og Dr. John G. Arnebergs legat i Åseral.

Kjelder og eksterne lenker