Tysdagssending Valle Radio 20110308: Skilnad mellom versjonar
→18.35 Sangkveld: det er makt |
→18.35 Sangkveld: egil og arne |
||
| Line 21: | Line 21: | ||
Kveldens gjest er [[Anny Marie Brokke]]. | Kveldens gjest er [[Anny Marie Brokke]]. | ||
*''Det er makt i de foldede hender'' med Lage Wedin | *''Det er makt i de foldede hender'' med Lage Wedin | ||
*''Nå er jeg på vei til himlens land'' med Egil & Arne | |||
===19.40 Møteplassen=== | ===19.40 Møteplassen=== | ||
Versjonen frå 8. mars 2011 kl. 19:51
Tysdagsprogram 8. mars 2011 viser programmet for tysdag 8. mars 2011 i Valle Radio. Harald Haugland var ansvarleg for sendinga.
Program
18.00 Kvarteret
Etter intro tek vi ein telefon til Bergtun der Ronny Stavsholt er for å rapportere frå arrangementet på Kvinnedagen 2011. Det er smekkfullt i kveld, seld 40 billettar og så er det 10 arrangørar, til saman 50:
- Grete Fossen var den første representanten. Ho representerer Hasla og skal syne vårkolleksjonen Lotus.
- Merete Austad driv firmaet mshop.no som skal selje dameklær. Dei startar i løpet av mars, men opnar butikken neste laurdag. Ho skal selje markeklær for jenter frå 20 til 40. Ho har ikkje drive med slikt før, så det er spennande å starte.
- Tina Høgevold driv Bleieboden.
- Randi Gåserud Myrum frå Setesdal Husflidsentral synest det er flott å støtte arrangementet, men dei stiller ikkje ut noko i kveld.
- I dei indre gemakkar fann han kokken Kristine Bjørgum Førde. På menyen står det kylling denne kvelden. Heimebaka brød er også på menyen.
- Knut Høgevold styrer med kaffe. Latte og cappuchino er mest populært.
- Lisbeth Dalquist Homme skal ha appellen denne kvelden, ho hadde vanskeleg for å finne parkeringsplassså fullt var det utanfor.
Næringslivet i Valle har mange kvinner som står på for å skape noko.
18.20 Over ein open Bibel
Andakten i kveld er ved sokneprest Tom Martin Berntsen
18.35 Sangkveld
Kveldens gjest er Anny Marie Brokke.
- Det er makt i de foldede hender med Lage Wedin
- Nå er jeg på vei til himlens land med Egil & Arne
19.40 Møteplassen
Samtaleprogram med Paul Odeh, en kristen araber fra Israel som idag bor i Norge. Han er araber, og ikke palestiner understreker han. Da noen fant ut han var araber og ikke jøde, vasket de hendene etter å ha hilst på han. Hør flere historier om Paul Odeh fra Israel, og hans møte med Norge. Programmet er frå Norea Mediemisjon og programleiar er Ingve Gilje frå Nytt Liv Media i Stavanger.
20.15 Sørlandets Litteraturpris
20.30 Postludium
Niklos K. Besteland har funne musikk i høve Kvinnedagen.