Kveasåni kraftverk: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri J (diskusjon | bidrag)
s references /
Siri J (diskusjon | bidrag)
s flyttet Kveasåne Småkraftverk til Kveasåni kraftverk: navnet kraftverket ble gitt konsesjon under
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 28. februar 2011 kl. 00:10

Kveasåne Småkraftverk er eit småkraftverk der fire grunneigarar har gått saman med Småkraft AS om å byggje ut Kveasåne i Valle kommune. Småkraft AS fekk konsesjon for ein årsproduksjon på 15.30 GWh om året av NVE 19. april 2007[1]. Etter planen skal det produserast 12,84 GWh i året, nok til å dekke kraftforbruket til 640 husstander. Småkraft AS finansierer prosjektet, som er kostnadsrekna til om lag 45 millionar. Omsetninga er venta å verte minst 4 millionar kroner årleg og grunneigarane er garantert eit utbytte til fordeling kvart år. Etter 40 år skal anlegget vere nedbetalt. Då kan grunneigarane kjøpe kraftverket eller forlenge avtalen med Småkraft.

Kraftverket ligg inne i fjellet, det er sprengt ein 450 meter lang tunnel inn frå foten av fjellet ved Riksveg 9Flårenden. Oppe på toppen er det bygd ein dam, den er 3-4 meter høg og 10-15 meter brei. Frå dammen fører ei sjakt ned til kraftverket. Fallhøgda i anlegget er 367 meter og nedbørsfeltet er 19 kvadratkilometer. Minstevassføringa i Kveasåne vert 110 l/s om sommaren og 55 l/s om vinteren.

Kjelde

Eksterne lenker